Hopp til hovedinnhold
Plakat for Ray (2004)

Ray

Film
4

Vakker film. Eg hadde problem med lyden, noko som øydelagde for kor mykje av vokalen og snakkinga eg fekk med meg, men det gjekk greitt med underteksting.

Ei interessant livshistorie, god musikk, ja, det er autobiografien til ein musikar på stoff. Slike filmar gir ofte grei underhaldning. Likevel om eg har lite kjennskap til Ray Charles, så fungerte det. Foten min blei teken på fersken i å trampe i takt med musikken, og tekstane er fine.

På Fred Ut, Sønn (fredut.wordpress.com) får filmen ros for å vere sett saman av folk som forstår musikken. Skribenten er meir kritisk til forsøket på å presse livet inn i ei vanleg Hollywood-kurve og finn avslutninga klønete. Det gir ei nyttig motvekt til mi eiga glede over musikken og livshistoria. Eg kan bli riven med utan å kjenne Ray Charles særleg godt, sjølv om måten livet blir fortalt på, kan vere vel kjend.