Hopp til hovedinnhold
Plakat for Raya and the Last Dragon (2021)

Raya and the Last Dragon

Film
4

Raya and the Last Dragon er den 59. animerte langfilmen frå Disney, og er ein artig og spennande sak av god kvalitet.

Det er ikkje den mest minneverdige filmen, men ein med ein fin mytologi å spele på, og rikhaldig rollegalleri.

Det er nesten slik at eg heller skulle ønske dette var laga som ein film med ei historie for vaksne, og eit vaksnare preg. Eg likar den postapokalypiske sida ved filmen.

I tillegg er filmen full av enkle humoristiske innslag, som for å ikkje overlaste filmen med seriøsiteten til oppdraget til hovudpersonen. Eg kunne tenke meg ein tøffare og ikkje så tullete drage, men så hadde jo dette då også blitt ein heilt annan film.

Den tullete dragen er nettopp noko Lisa Dawn set pris på i omtalen på The Princess Blog (theprincessblog.org). Ho meiner den venlege og audmjuke Sisu gir ei trøystande motvekt til all striden og politikken rundt henne. Eg kunne ønske meg ein tøffare variant, men dette forklarer kva filmen vinn på valet sitt. Dragen held håpet og varmen oppe i ei verd som elles kunne ha blitt ganske mørk.

Kritikk til side, eg let meg underhalde godt. Det er mest å sette pris på, og mindre å kritisere. At det ikkje er den mest minneverdige filmen, betyr ikkje at han ikkje leverer godt undervegs heller. Det er ein gjennomført film som det han er.