
Re-Animator
Re-Animator er ein uhøgtideleg film om ein sprø forskar utan særleg moral, som går under namnet Herbert West. Det flotte med Re-Animator-trilogien er at det er fleire filmar å sette seg inn i, men heller ikkje for mange. I denne første møter me ein ung Herbert, spelt av Jeffrey Combs.
Nyleg sparka ut frå eit sveitsisk forskingsinstitutt for å ha sprøyta sin avlidne mentor med eit gjenopplivingsmedikament, som fekk mentoren til å eksplodere, reiser Herbert tilbake til USA. I USA fortset han studiane sine på gjenoppliving. Når eit forsøk går feil, eller eigentleg fleire, kjem papira på forskinga i feil hender, og det blir mykje søl. Filmen går langt over kanten på mange felt, det er det som gjer underhaldninga. Ein hær av lobotomerte, gjenoppliva døde hadde kanskje ha vore skummelt i ein annan film, men her er det meir komisk, og det på ein god måte.
Humoren er òg sentral når Paul Simpson rosar filmen på Sci-Fi Bulletin (scifibulletin.wordpress.com). Han trekker fram Jeffrey Combs i lag med resten av skodespelarane og effektarbeidet som viktige grunnar til at dette fungerer. Det er lett å vere samd i at gjennomføringa betyr mykje her. Dei sprø påfunna kunne fort ha blitt tomt søl, men den uhøgtidelege tonen gjer at det blir komisk underhaldning i staden.
Forutan alt dette kan du tenke over kor grensa går i forskinga når resultata kan redde liv.
