Sett James Stewart i ein rullestol, med gips på beinet og utsikt mot bakgarden, så har du ein klassikar. Oppskrifta er ganske enkel, men enkelt er bra. Vår mann i hovudrolla, L. B. Jefferies alias Jeff, har måtte sitje i ro i over seks veker etter ei ulykke som skjedde då han forsøkte å ta eit godt bilde.
Og når han kjedar seg i tillegg til at det er over 30 grader i skuggen, så kan små ting gjere han paranoid. Iallfall blir Jeff mistenksam når kona til naboen tvers over bakgarden plutseleg forsvinn, og mannen i leilegheita går fram og tilbake og oppfører seg rart.
I det siste har eg fora meg sjølv med ein del gode filmar, og Rear Window er ingen unntak. Det er ein av dei filmane eg lenge har sett fram til, og eg var ikkje skuffa med tanke på dei store forventingane eg hadde. Eg trur eg gir meg med dette sagt.