Rebel Without a Cause - Filmdagbok

Rebel Without a Cause 1955

James Dean storspelar i Rebel Without a Cause, men filmen når ikkje toppen. Likevel er han nok betre kjent blant folk flest. Eg sette pris på filmen som underhaldning, på grunn av spelet til James Dean og for ikkje å gløyme nydeleg bilde i flotte WarnerColors. Men eg har litt problem med å sjå på rolla til James Dean som den største rebellen, han er meir ein rotlaus ungdom i mine auger, ein ung gut med gode intensjonar som har litt vanskeleg med å finne seg tilrette i samfunnet. Difor passar den norske tittelen ganske godt, som nettopp er Rotløs ungdom.

Filmen skal ha skryt for god fargebruk. Eg vil påpeike nok ein gong at fargane er storarta, den raude jakka til James Dean er ein av dei flottaste raudfargane eg har sett på film. Filmen er også til å anbefale, men ikkje i så stor grad som East of Eden.