Red Eye - Filmdagbok

Red Eye 2005

Red Eye er Wes Craven sitt siste bidrag til filmverda som regissør hittil, sett bort frå eit lite segment i Paris, je t'aime. Med yndige Rachel McAdams i hovudrolla måtte filmen klare å bli grei nok.

Rachel McAdams spelar dagleg leiar på eit Miami-hotell, som på flyet heim frå ei gravferd i Texas, møter ein sjarmerande herremann i ærendet til døden.

Mesteparten av filmen går føre seg på eit fly, og då krevst det ein del for å halde oppe intensiteten og interessa. Red Eye manglar det heilt store her. Ikkje før flyet landar, som er godt og vel ein time inn i den 1 time og 17 minuttar lange filmen, blir det fart i sakene. Det at filmen ikkje er lengre reddar han dessutan frå å vippe over til å bli keisamt.

Filmen kjennest aldri meir enn halvt gjennomført ut. Han tar avstand frå dei største klisjeane, nærmare seg dei mindre, og har ein ganske føreseieleg gang i handlinga. Slikt krev at andre ting er på plass. Det er dei ikkje, og resultatet blir ein film som vippar på kanten til det kjedelege. Det som reddar han er eit par spennande sekvensar, ei søt Rachel McAdams og ein til tider psykopatisk Cillian Murphy.

Filmen har ingenting å gjere med den sør-koreanske grøssaren med same namn, Redeu-ai.