Red Nose Day Actually - Filmdagbok

Red Nose Day Actually 2017

Red Nose Day Actually er ein kortfilm og kopi av Love Actually, laga spesielt til innsamlingsaksjonen Red Nose Day i Storbritannia.

Han kom 14 år etter Love Actually, og kan skilte med ganske mange av dei sentrale karakterane frå julefilmen. På denne måten leverte kortfilmen som eit hyggeleg gjensyn og nostalgisk hygge. Når det gjeld handling og heilskap så er det ikkje så mykje å kommentere. Det er i hovudsak gamle kjente innslag frå filmen som er pakka inn i nytt papir. Andrew Lincoln med tekstplakatar. Rowan Atkinson med gåveinnpakking. Hugh Grant med dansing. Liam Neeson med trist stemme. Bill Nighy med ny musikk. Og litt til.

Red Nose Day Actually kan sjåast for kuriositetens del og si tilkopling til Love Actually, men er ikkje noko spesiel utover det.