
Red Notice
Film
3
Det har gått nokre månader frå eg såg filmen, til eg no skriv litt om han. Og eg har fullstendig gløymt kva dette var. Konklusjonen er altså at han er lite minneverdig.
Men det er altså noko agent- og forbrytarsaker. Om ran, det å lure og dobbeltluring. Med kjente skodespelarar, stort budsjett og litt uoriginal humor.
Dan Cachia på Mr. Movie’s Film Blog (mrmoviefilmblog.com) får meir underhaldning ut av filmen enn eg sit igjen med. Han meiner likevel at historia er generisk og vendingane lette å sjå kome. Han har glede av actionen og stjernene, medan eg knapt hugsar kva dei dreiv med. For meg var det tydelegvis ikkje nok at filmen hadde mykje å rutte med.
