Red River - Filmdagbok

Red River 1948

Litt western her i kveld, og det med store namn som John Wayne og Montgomery Clift på plakaten. Filmen er forresten regissert og produsert av Howard Hawks, ein mann som eg enda har tilgode å argumenter i mot. Eg nemnde for så vidt etter å ha sett Scarface at Howard Hawks var ein mann eg hadde null problem å leite opp igjen seinare.

I Red River møter me Thomas Dunston (John Wayne), ein mann som gjer ting på sin måte og ikkje er vits å prøve å overtale til å endre meining. Besett av å blir stor på kvegdrift gjennomfører han målet sitt, men det er dårleg etterspurnad på kveg i Texas-traktene. Han bestemmer seg difor for å drifte kveget 1000 miles gjennom tøff natur og indianarland, i mot alle sine oppfordringar om å la vere.

Dette er stort sett filmen. Ikkje mykje skal til for å tenke seg til at det blir trøbbel av ulik karakter på vegen. Trøbbel og ein solid dose testosteron. Altså med menn som er tøffe og har pistolar. Filmen er heller ikkje blotta for psykologi. Påkjenningane kan følast frå gruppa som driv kveget, i eit breitt spekter som gjer denne sida av filmen alt anna enn monoton.

Tøff i massevis. Ei god framstilling av menn under press. John Wayne. Og så vidare. Eg trur eg har fått fram poenget mitt, dette fall sjølvsagt i smak.