Red State - Filmdagbok

Red State 2011

Red State er den nyaste filmen til Clerks.-regissøren Kevin Smith, og første filmen hans som ikkje er ein komedie. Som det står på plakaten: An unlikely film by that Kevin Smith.

Kevin Smith prøver på mykje med Red State, men for min del blir det ein kjedeleg film. Uansett kor grufull og sjokkerande han er, og kor mykje Kevin Smith slår ned på kristenfundamentalistane og terroristane som i filmen er ute etter å drepe homofile.

Dei som har litt kjennskap til Kevin Smith veit at han på sin måte er ein forkjempar for at homofile skal få aksept. Komediane hans har mange uskyldige spøkar som baserer seg på tema, og det blir snakka ein del om det i An Evening with Kevin Smith-seansane, der det kjem fram at det har utspring i at bror hans er homofil. Red State er i så måte typisk nok Kevin Smith, men i ein heilt annan sjanger.

At filmen ikkje lykkast har å gjere med den stadige drepinga av potensielle hovudpersonar. Kevin Smith er modig nok til å gjere hendinga til ein hovudperson, og drep unna mange rollefigurar eg kunne tenke meg å følge med. For meg fungerer ikkje dette, då eg føretrekk å ha engasjere meg i livet til interessante filmroller. I staden blir Red State ei rekke lengre monologar og ein del skyting som eg bryr meg lite om. Det er aldri så dårleg at eg har vondt av det, men tanken om å slå av filmen streifa meg altfor mange gonger undervegs.

Det kan hende filmen er viktig nok på sin eigen måte. Men eigentleg tykkjer eg han går for langt til å kunne bli teken seriøs, og han går ikkje langt nok eller tar ikkje godt nok vare på meg til at det blir bra nok som ein useriøs film. Eg har ingenting i mot ukonvensjonelle filmar, men Red State hamnar mellom fleire stolar.