
Regen
Nederlandsk dokumentarfilm frå tampen av 1920-talet som ligg på grensa til å bli kunstfilm med si 15 minuttar lange framstilling av ein regnversdag i Amsterdam.
Ein hard måte å starte på, i den forstand at det er ein nydeleg og roleg film med flott musikk og flotte bilde. Ikkje det beste å ha med seg klokka kvart over åtte om morgonen.
Bilda får ei meir filosofisk lesing på Dennis Grunes (grunes.wordpress.com). Han ser menneska som hastar gjennom regnet som del av ei skildring av kor forgjengelege me er, og rosar kor umerkeleg kameraet glir inn i opplevinga. Eg held meg til den rolege, visuelle gleda i første omgang. Men det er interessant at ein så liten film kan gi rom for meir enn ein vakker regnversdag.
Tittelen på filmen er Rain på engelsk.
