Hopp til hovedinnhold
Plakat for Reisen til julestjernen (1976)

Reisen til julestjernen

Film
3

Reisen til julestjernen er ein av mange julefilmar som har blitt tradisjon for mange nordmenn, og ein film som NRK sender kvart år på julaftan. Det er òg ein film eg ikkje har sett i heilskap før jula 2018. Eg har sett så lite av han at eg i stor grad kan seiast å ha stilt med blanke ark til kva denne filmen hadde å by på.

Historia handlar om ei ung prinsesse som forsvinn som følge av sin vonde onkel og greve som lokkar ho ut i skogen. Like etter forsvinn dronninga i søken på dottera si, og kongen forbannar difor julestjerna, som forsvinn deretter.

Mange år seinare dukkar ei ung kvinne opp på slottet i lag med ein teatertropp. Det er inga overrasking for oss at dette er den forsvunne prinsessa. Og med ho tilbake, utan at nokon veit kven ho er, ikkje ho sjølv eingong, byrjar trådane omkring forsvinningane og kven som er skuld i ulukka å løyse seg opp.

Reisen til julestjernen er ein humoristisk og dramatisk norsk film med ei god historie, og minst eit godt musikalsk innslag. Det er ikkje så mykje utsette på filmen. Eg forventa ikkje så mykje, men blei godt underheldt og tykker filmen leverer på stemning. Den tekniske kvaliteten på bilde og lyd er det einaste eg vil sette fingeren på, men det er då ein bagatell.

Pål Frostad på Filmkikk (filmkikk.no) rosar blandinga av humor, eventyr og sjarm, sjølv om skodespelet stundom blir teatralsk. Han har eit nostalgisk forhold til filmen, medan eg kom til han utan dei store barndomsminna. Likevel finn me mykje av den same gleda. Dei morosame innslaga og den gode stemninga fungerer også når tradisjonen ikkje har gjort halve jobben på førehand.