Reisen til julestjernen - Filmdagbok

Reisen til julestjernen 2012

Reisen til julestjernen frå 2012 er ei nytolking av filmen Reisen til julestjernen frå 1976. Det opnar med at store deler av det som var handlinga i filmen frå 1976, blir fortalt med animerte bilder på eit par minuttar. Ei god opning som tydeleg seier i frå om at dette ikkje vil bli ei reindyrka nyskaping.

Det handlar om ei prinsesse som blir borte som barn. Ho har sidan ho forsvann levd livet i enkle kår og gløymt at ho er ei prinsesse. Dronninga er død, og kongen har forbanna julestjerna. Han forsøker å få tilbake julestjerna for å få tilbake prinsessa.

I grove trekk har filmen den same retninga som 1976-varianten, men han endrar mykje på detaljar, rekkefølge og ikkje minst karakterane som er med og deira rolle.

Det er ein fin og relativt kort film på 80 minuttar. Perfekt er han ikkje. Agnes Kittelsen sin karakter er unødvendig og ho har ikkje det største spennet som skodespelar, noko som trekk ned. Greven er ein så dum skurk at han ikkje er truverdig. Men den unge hovudrolla gjer det godt nok til å bære filmen.