
Remember the Titans
Remember the Titans er eot typisk eksempel på eit sportsdrama frå Disney. Svarte sin plass i det amerikanske samfunnet er eit sentralt tema, men i denne filmen er det fokus på forholdet mellom dei og kvite. Etter at svarte og kvite blir miksa saman på skulen i Virginia i 1971, blir det mykje bråk, men den nye trenaren til amerikanske fotballaget Titans jobbar hardt for å oversjå raseskiljet. Og dette går ikkje heilt stille for seg.
Har du sett eit sportsdrama produsert av Disney før, så har du for så vidt sett ganske mange, og Remember the Titans er ikkje eit unntak. Du vil kjenne igjen mange element, og utviklinga av personlegdommane til folk er ikkje heilt ulikt til det du kanskje vil forvente deg.
Likevel om eg veit korleis historia vil gå, så er dette blant dei betre føreseielege sportsdrama eg har sett. Grunnen til det, vanskeleg å seie ettersom eg ikkje har studert film. Men at mange kjente ansikt dukka opp, er aldri eit vonbrot for min del.
Balansen gir ei mogleg forklaring på Creeper’s Reviews from the Abyss (creepersreviews.blogspot.com). Skribenten meiner humoren, dramaet og skodespelet fungerer godt saman, sjølv om filmen både er søt og føreseieleg. Denzel Washington blir særleg trekt fram. Det passar med at eg finn meir å hente her enn i mange liknande sportsdrama. Ei velkjend utvikling treng ikkje øydelegge opplevinga når sjølve framføringa held interessa oppe gjennom historia.
