Requiem for a Dream - Filmdagbok

Requiem for a Dream 2000

Requiem for a Dream er eit nydeleg stykke arbeid. Han er teknisk briljant og har eit stemningsfullt lydspor dominert av fiolin. Og om ikkje historia om dei ulykkelege skapningane i dei tragiske situasjonane blir for deprimerande, så er det faktisk litt skjult humor å finne her.

Darren Aronofsky viser til avhengnadsproblem på ulike måtar, med det største fokuset på narkotiske stoff. Men om du er van med at slike narkofilmar gir ei rein skildring av ei nord og ned-historie, så pustar Requiem for a Dream litt betre. Det ser ikkje akkurat lyst ut her heller, men opplevinga er så mykje rikare når karakterane har ein slags grunn for misbruken sitt.