Hopp til hovedinnhold
Plakat for Resident Evil: Extinction (2007)

Resident Evil: Extinction

Film
3

Resident Evil: Extinction er ein av dei godkjente Resident Evil-filmane. Det er den tredje i rekka, og kom fem år etter den første filmen, Resident Evil.

I eit post-apokalyptisk USA har Milla Jovovich i denne filmen blitt eit mål. Samtidig som at ho blir jakta og skal krysse ein ørken på veg mot Alaska som er det endelege målet, kjempar ho mot det vonde Umbrella Corporation, og mot zombiar og andre farlege skapningar.

Nok av hinder, og nok av historie til å få ei framdrift som spelar på lag med actionbiten av filmen. Med andre ord er dette fornøyeleg underhaldning.

Steven på Watching the Dead (watchingthedead.blogspot.com) likar at ørkenen og dei store opne områda gir filmen eit eige uttrykk, sjølv om actionen framleis bygger på mykje av det same. Han meiner det er underhaldning som veit korleis ho skal treffe, trass i nokre tullete påfunn. Det er mykje av grunnen til at eg godkjenner forsøket. Historia treng først og fremst å føre oss vidare til dei neste hindringane.