- Filmdagbok

Resident Evil: Extinction

Resident Evil: Extinction er ein av dei godkjente Resident Evil-filmane. Det er den tredje i rekka, og kom fem år etter den første filmen: Resident Evil.

I eit post-apokalyptisk USA har Milla Jovovich i denne filmen blitt eit mål. Samtidig som at ho blir jakta og skal krysse ein ørken på veg mot Alaska som er det endelege målet, kjempar ho mot det vonde Umbrella Corporation, og mot zombiar og andre farlege skapningar.

Nok av hinder, og nok av historie til å få ei framdrift som spelar på lag med actionbiten av filmen. Med andre ord er dette fornøyeleg underhaldning.

#Resident Evil