
Resident Evil: Retribution
Resident Evil-filmane har ikkje utvikla seg i rett retning, frå starten i 2002 og fram til i dag. Dei har gått frå å vere kurante og uhøgtidelege actionfilmar til å bli altfor overdrivne filmar utan historie.
Lite historie og mykje overdriving har alltid vore ein ingrediens. Men det har halde seg nok innanfor til at det har hatt ein grei flyt, og vore underhalding i det. Tatt for langt blir denne filmen, og for så vidt ein kva som helst slags film, ikkje meir enn eit visuelt rot.
Problemet med Resident Evil: Retribution er at han er gløymt før han er sett ferdig. Få filmar opp gjennom tidene har eg fullstendig gløymt at eg har sett, og difor sett på nytt utan å tenke over at eg har sett han før. Resident Evil: Retribution er ein av dei.
Xander Markham finn derimot litt glede i kaoset på Xander Markham (xandermarkham.blogspot.com). Han meiner historia knapt heng saman, men set pris på at slåstkampane stort sett er filma slik at me kan følge rørslene. Der skil me lag i utbyttet. Eg treng ikkje ei avansert historie i ein slik film, men må ha meir å feste interessa ved enn det eg fann her.
