Emily (Vanessa Marano) går på internatskule, der mange små grupper med ungdommar set sitt preg. Då klikken som går under namnet the elite, som ikkje overraskande består av ungdommar med rike foreldre eller som driv med sport, bestemmer seg for å finne på noko for å bli hugsa, så tar historia ved skulen ei mørk vending.
Emily er oppegåande og får nyss om planen til the elite, og skal prøve å avsløre dei. Men påfunnet deira er sopass alvorleg, og Emily gjer ikkje nødvendigvis det rette som reaksjon heller.
Eg styrer med vilje unna dei mest forklarande detaljane. Restless Virgins er ein passe typisk, men grei, internatskulefilm. Ungdom gjer som eg forventar av ungdom på film, og dette kunne like godt ha vore ein middelmåtig kinofilm. Men det er altså ein Lifetime-film.