Hopp til hovedinnhold
Plakat for Results (2015)

Results

Film
3

Utan særleg planlegging enda eg opp med å sjå Results. Det var tematikken rundt trening som fanga merksemda, og ut i frå førsteinntrykket når eg skumma gjennom eit handlingsreferat, så leverte filmen som forventa.

Her har du ein rik fyr som ønsker å komme i form, og som for ein gongs skuld ikkje er framstilt som ufordrageleg. Fordi pengar gjer ikkje folk ufordragelege, men heller nokon andre misunnelege. Det er gull å sjå denne fyren bestille teknisk støtte på internett, der han tilbyr 200 amerikanske dollar for å få det gjort straks. Og ikkje lenge etter kjøper han ein katt på same måte.

Så har du Guy Pearce som eigar av eit treningssenter med sin eigen livsstilsfilosofi, som gjerne kan verke litt typisk. Men det skin gjennom etter kvart at han står for det han seier. Og det er ingenting i vegen med måten han lever på, og når han seier at han har det bra.

Karakterar som desse gjer at Results blir sjåverdig, og meir enn ein svevande komedie. Filmen som heilskap bidrar ikkje med eit stort poeng, men stykka opp er dette ein god film.

Chuck Bowen på Slant Magazine (slantmagazine.com) meiner treninga også fungerer som eit bilde på arbeidet med å komme andre menneske nær. Han ser ein samanheng i det keitete samspelet som gir filmen meir enn dei enkelte vitsane. Eg blir mest oppteken av kvar av personane og dei små situasjonane rundt dei. Det er likevel eit interessant perspektiv på kvifor treningsmiljøet gir historia noko å stå på.