Return of the Jedi - Filmdagbok

Return of the Jedi 1983

Eg har aldri hatt det næraste forholdet til Star Wars-filmane. Eg såg aldri filmane som ung, men har dei siste åra fått sett både dei gamle, dei nye og nokon mindre gode avspinnarane innimellom dette.

Difor går tankane mine når eg ser Star Wars: Episode VI - Return of the Jedi til det eg har hatt eit forhold til siste tida, spelet Star Wars Galaxies: An Empire Divided. Eg samanliknar undervegs, kjenner igjen og blir stort sett svært underhalde både av dette og filmen generelt. Så mykje at filmen overgår filmopplevinga eg hadde med Star Wars: Episode V – The Empire Strikes Back.