Hopp til hovedinnhold
Plakat for Return of the Living Dead: Necropolis (2005)

Return of the Living Dead: Necropolis

Film
1

Denne elendige filmen blei i 2005 gitt ut med kort mellomrom til den like dårlege Return of the Living Dead: Rave to the Grave.

Begge filmane kom omtrent tjue år etter den første The Return of the Living Dead-filmen. Og av dei fem eg har sett til saman, så er det hovudsakleg den første som er god.

Om Return of the Living Dead: Necropolis har ei handling, så er det at nokon zombiar blir slept laus under eit innbrot. Det er litt meir enn som så, men det er hovudsaka. Det kunne ha fungert om filmen var godt laga. Men dette er billeg og enkelt gjort. Det er gjort få forsøk på å strukturere historia eller gjere henne spennande, relevant eller noko anna ein filmproduksjon bør få til.

Det skin gjennom at her er målet å fylle opp 90 minuttar med noko som liknar ein film og kan bli seld, utelukkande på grunn av Return of the Living Dead-namnet.

Diabolu Frank på Nurgh (nurgh.blogspot.com) er ikkje begeistra, men meiner filmen er meir sjåverdig enn ryktet skulle tilseie. Han finn litt glede i handlekraftige ungdommar og nokre brukbare effektar, sjølv om regien er flat og historia har sin eigen logikk. Eg er mindre villig til å godkjenne forsøket. Dei enkelte tinga som kunne fungert, blir ikkje til noko som gjer filmen verd tida.