Du bei dao wang er ein direkte oppfølgjar til Du bei dao, filmen om Fang Kang (Yu Wang) som mista armen sin, men likevel blei ein meister med sverdet. Filmen heiter Return of the One-Armed Swordsman på engelsk.
Ein klan med åtte ulike sverdmeistrar, kvar med sine disiplar, har vakse seg store og truar og terroriserer andre klanar i området. Alle klanane blir tvinga til å delta i eit meisterskap, elles vil dei merke dei åtte sitt sinne.
Fang Kang er det einaste håpet, når ingen klarer å stå i mot dei åtte. Men Fang Kang har lova seg sjølv og kona si at han er ferdig med alt av kampsport.
Dette er grunnlaget for resten av filmen, og utviklinga som følger er verken revolusjonerande eller overraskande. Det kokar ned til at filmen etter kvart byr på store mengder med godt koreograferte slåstscener. Langt fleire enn Du bei dao hadde, noko som nesten var å forvente av ein oppfølgjar.
Det blir litt for lite drama til å gjere at handlinga til filmen kjennest like seriøs som i Du bei dao. Historia til Fang Kang her kan heller ikkje måle seg med den i forløparen, som var historia om korleis han blei til som sverdmann. Men som slåstfilm og kamp mot urettferd og undertrykking er dette bra. Det er eit tilfredsstillande detaljnivå i kampane, i motsetning til enklare produserte filmar som berre skapar slåstinga i klipperommet. Og ikkje minst er Du bei dao wang ein svært blodig film.
Mangelen på djupne betyr lite, då det ikkje var forventa. Men lengda på filmen er i lengste laget, og eg kunne tenke meg litt meir variasjon. Uansett, ein underhaldande film og ein verdig oppfølgjar.