Revenge of the Nerds har større underhaldingsverdi enn mange av dei siste få åra sine collegekomediar. Han er trass i sterkt 1980-talspreg tidlaus som dei fleste andre high school- og collegekomediar, men ikkje spesielt nemneverdig om det beste skal trekkast opp av hatten.
To brilleslangar av naivt kaliber er klare for college, allereie første dagen får dei trøbbel med sportsfolka og fell fort på plass i dei rekkene til dei undertrykte. Det kan berre gå ein veg, nerdane samlar seg og vil ta hemn.
Revenge of the Nerds har litt for lite handling og litt for mykje tull til at han kan score høgt på skalaen. Underhaldningsverdien som nemnt innleiingsvis, er derimot på plass, saman med morosame rollefigurar i eit 1980-talsprega nerdenirvana under press frå menn utan hjerne i fotballknickers.
Så kva meir er det å sei om Revenge of the Nerds? Lite. Han hamnar godt i skuggen av Animal House, men har overraskande nok fått tre oppfølgjarar mot ingen for Animal House. Det ligg vel kanskje noko i det å gi seg på topp. Di som ikkje når toppen er dømt til evig repetisjon. Likevel, er du ute etter enkel collegehumor sats gjerne på film frå dette tidsrommet i staden for moderne rett på video-filmar som Beta House.