Hopp til hovedinnhold
Plakat for Reviving Ophelia (2010)

Reviving Ophelia

Film
3

Eit forhold mellom to high school-elevar utviklar seg mot det mørke, då den mannlege parten viser stadig større teikn til overgrep. Først i form av verbal manipulasjon, men så kjem den fysiske misbruken også.

Jenta vil ikkje innrømme at det er eit farleg forhold ho er i. Og ut frå dette spelar det seg ut eit skikkeleg seriøst drama. For dette er eit drama utan like, som stadig er på kanten til det absurde, og ofte er i overkant tydeleg eller typisk. Det blir aldri komisk, men det er ikkje langt i frå.

Litt kjedeleg er det innimellom, men eg likar skodespelet og blir involvert igjen. Den farlege fyren i filmen er ein dryg karakter som nesten er vanskeleg å akseptere som ekte. Men ettersom det akkurat går, så er effekten at han blir ekstra skummel.

Denne Lifetime-filmen er som nesten alle andre. Dei er sentrerte rundt kvinnelege karakterar i hovudrolla eller hovudrollene. Akkurat her er det litt uklart kven som eg skal halde meg til som mest sentral. Kanskje er dette også ein av grunnane til at eg ikkje blir hekta på historia, og opplever delar som litt vage og kjedelege.

Elline Lipkin på Ms. Magazine (msmagazine.com) meiner dei føreseielege replikkane og den overtydelege forma svekker filmen. Ho ser verdien i å ta opp vald i ungdomsforhold, men saknar breidda i boka som ligg bak. Eg reagerer også på kor tydeleg dramaet blir. Skodespelet held meg med, men eg skulle gjerne hatt ei meir samla forteljing.

Reviving Ophelia er ein heilt grei og midt på treet film. Inga anbefaling frå mi side.