Ricky Gervais, mest kjent for The Office, driv også på med standup. Dette er den tredje runden med nytt materiale som har funne vegen ut på video. No har eg ikkje sett dei tidlegare, så i kva grad materiale her når opp eller toppar det eldre forblir uvisst for min del.
For å ta det gode først, Ricky Gervais er flink til å komme med grove slengkommentarar som blir morosame fordi han ikkje held tilbake den spøkefulle tonen. Han legg også ein del opplysingar inn i vitsane sine og gjer det heile personleg på ein truverdig måte ved at han brukar seg sjølv som kjendis i senter for ulike hendingar. Fyren er smart, men tonar det ned fordi han ser litt slask ut. Når han kjem med treffande poeng blir det naturleg morosamt og han unngår den kunstige varianten som nokon tyr til, der dei tydeleg prøver å vere morosame.
Men Ricky Gervais fell likevel ikkje heilt i smak. Mange av vitsane er eviglange og har ikkje gode poeng til å vege opp for tidsbruken. Dessutan bør dei små anekdotane i seg sjølv vere morosame for å gi det ultimate standupshowet, det er ikkje berre poenget som er bra.
At showet er veldig britisk er vel ingenting å klage på, så sant du ikkje er norsk og går glipp av halve moroa ved at han snakkar om folk du ikkje har peiling på. At eg ikkje får dette med meg er på sett og vis min eigen feil. Eg har ikkje sete meg inn i det britiske miljøet, men eg tykkjer det er ein god grunn til å trekke ned på, sidan rangeringa skal reflektere opplevinga mi.
Alt i alt byr dette på nok moro til å holde det gåande. Eg blei litt skuffa etter å ha hatt generelt gode erfaringar med standup dei siste par åra. Men har du sansen for Ricky Gervais tvilar eg på at showa hans er bortkasta tid. Her fall det ikkje meir enn sånn passe i smak.