Ride Lonesome - Filmdagbok

Ride Lonesome 1959

I Ride Lonesome møter me Brigade. Han er ein dusørjeger som skal ta den kriminelle Billy tilbake til byen Santa Cruz, der Billy er etterlyst for mord. I det Brigade fangar den kriminelle, slepp vennen til Billy unna, og legg i veg for å gi beskjed til broren til Billy.

På reisa til Santa Cruz kjem Brigade over ei forlatt kvinne på ein vegstadjon, og eit par menn som blir interessert i å ta æren for å ha fått tak i Billy.

Dette er i grunn det meste eg bør og vil sei om Ride Lonesome med tanke på historia. Randolph Scott spelar hovudrolla som Brigade, og eg har endå tilgode å sjå han i ein dårleg film. Ride Lonesome er som fleire av dei andre eit knakande godt val. Filmen er under 75 minuttar lang, noko som er akkurat passe for den avgrensa historia han fortel. Det er likevel nok tid til å dvele på stemninga, skape spenning og legge opp eit løp som gjer dette til ein god langfilm.