Hopp til hovedinnhold
Plakat for Riding the Bullet (2004)

Riding the Bullet

Film
2

Noko eg har funne ut over åra er at du aldri skal forvente for mykje av ein Stephen King-adapsjon. Unntak finst det alltid, men den gjennomsnittlege filmatiseringa ligg på eit moderat nivå er mi erfaring. I det legg eg og at dei filmane eg har sett heller ikkje har vore dei dårlegaste.

Riding the Bullet passar perfekt inn i den nemnde kategorien, og at eg faktisk gjekk så langt som å kjøpe filmen fortener kanskje ei forklaring. Det var første dag i Trondheim igjen etter nyttår. Eg var på matbutikken for å hamstre varer mens eg enda hadde moglegheita til å få køyrt varene til hybelen. Slik utløyser ofte ei ekstra kjøpeglede, som og gjorde sitt når eg gjekk forbi DVD-stativet. Ein Stephen King-film var ei slags forsikring blant altfor mange ukjente filmar, og eit par positive unntak eg allereie hadde sett.

Innstilt på ein middels film gjorde Riding the Bullet nytten i fredagsmørket. Eit par små overraskingar på skodespelarfronten i starten gav akkurat nok glede til at filmen ikkje hamna i grøfta med ein gong. Med meir drama og mindre handlingsutvikling enn godt er, blei det i overkant av kjedeleg. Skrekkelementa er meint å komme fram i form protagonisten Alan (Jonathan Jackson) sine dagdraumar, men desse enda berre opp med å bli forvirrande etter kvart. Litt nerve fekk eg, men stort sett er det føreseieleg oppbygging mot eit lite hopp i sofaen.

Dei innbilte hendingane blir òg slitande for skribenten på Phoenixanew (therealphoenixanew.blogspot.com). Omtalen meiner filmen stadig trekker teppet vekk under det me nettopp har sett, utan at skrekken blir sterkare av den grunn. Det treff godt problemet mitt med dagdraumane. Når eg etter kvart må lure på om neste hending berre skal avvisast igjen, blir overraskinga meir ei forstyrring enn noko som held nerven ved like.

I augneblinken som desse er det eg finn vurderingsskalaen min ufullstendig, for han er jo berre ei rett linje frå 1 til 5 i grunn. Å vurdere denne filmen krev å sjå saka frå fleire sider. Med tanke på forventingane, eller manglane på dei, heller filmen mot midten. I forhold til mykje anna eg har sett og vurdert vil han hamna under midten. No føler eg meg raus, og filmen gjorde meg på ingen måte i dårleg humør, så eg heller mot at filmen svarte til forventingane.