Noko eg har funne ut over åra er at du aldri skal forvente for mykje av ein Stephen King-adapsjon. Unntak finst det alltid, men den gjennomsnittlege filmatiseringa ligg på eit moderat nivå er mi erfaring. I det legg eg og at dei filmane eg har sett heller ikkje har vore dei dårlegaste.
Riding the Bullet passar perfekt inn i den nemnde kategorien, og at eg faktisk gjekk så langt som å kjøpe filmen fortener kanskje ei forklaring. Det var første dag i Trondheim igjen etter nyttår. Eg var på matbutikken for å hamstre varer mens eg enda hadde moglegheita til å få køyrt varene til hybelen. Slik utløyser ofte ei ekstra kjøpeglede, som og gjorde sitt når eg gjekk forbi DVD-stativet. Ein Stephen King-film var ei slags forsikring blant altfor mange ukjente filmar, og eit par positive unntak eg allereie hadde sett.
Innstilt på ein middels film gjorde Riding the Bullet nytten i fredagsmørket. Eit par små overraskingar på skodespelarfronten i starten gav akkurat nok glede til at filmen ikkje hamna i grøfta med ein gong. Med meir drama og mindre handlingsutvikling enn godt er, blei det i overkant av kjedeleg. Skrekkelementa er meint å komme fram i form protagonisten Alan (Jonathan Jackson) sine dagdraumar, men desse enda berre opp med å bli forvirrande etter kvart. Litt nerve fekk eg, men stort sett er det føreseieleg oppbygging mot eit lite hopp i sofaen.
I augneblinken som desse er det eg finn vurderingsskalaen min ufullstendig, for han er jo berre ei rett linje frå 1 til 5 i grunn. Å vurdere denne filmen krev å sjå saka frå fleire sider. Med tanke på forventingane, eller manglane på dei, heller filmen mot midten. I forhold til mykje anna eg har sett og vurdert vil han hamna under midten. No føler eg meg raus, og filmen gjorde meg på ingen måte i dårleg humør, så eg heller mot at filmen svarte til forventingane.