Hopp til hovedinnhold
Plakat for Ring of Fire (2013)

Ring of Fire

Film
2

Eg skulle gjerne likt å seie at denne filmen var betre. Historia og folka som er med i han gjer ein kurant jobb, men måten filmen er sett saman på gjer han til eit forhasta lastverk.

June Carter Cash (Jewel Kilcher) er sjarmerande til tusen. Johnny Cash (Matt Ross) fungerer også greitt. Ring of Fire har deira forhold og ekteskap som den sentrale handlinga, og strekk seg over fleire år. June Carter Cash er på sett og vis hovudpersonen, og er den personen me følger frå barndomen av.

Brian Lowry på Variety (variety.com) meiner Jewel Kilcher og Matt Ross er overtydande saman, men at historia hoppar frå den eine ruskrisa til den neste. Han saknar også fleire sider ved June Carter Cash (Jewel Kilcher). Det treff mykje av frustrasjonen min. Skodespelet gir meg lyst til å bli verande, medan filmen hastar vidare.

Filmen hoppar mykje i tid, eit år eller fleire i slengen, og det er ikkje lett å involvere seg når eg aldri får tid til å bry meg om livssituasjonen deira på gitte tidspunkt. Det blir som om dette opphavleg var ein mykje lengre film, men fekk beskjed om å bli kutta ned til for kort. Eller at det er basert på ei bok, der denne er følgd slavisk, og kapittelovergangane ikkje er glatta ut.

Om eg vurderte filmen berre etter skodespelet til Jewel Kilcher, ville han ha kome langt betre ut. Ho er knallsterk.