
Ringu
Ringu er ein film som har blitt eit ikon innan japansk horror, men som kanskje ikkje heilt held mål når ein kjem til han med høge forventningar og moderne auge. Det er eit artig premiss: Ein overnaturleg video, sju dagar å leve, eit urovekkande mysterium som må løysast. Det er stemningsfullt og saktegåande, med ei urovekkande ro som kan vere skremmande.
Filmen støttar seg mykje på stemninga og det som ikkje blir vist. Til forskjell frå nyare horrorfilm der lyddesign og klipperytme ofte styrer nervane, er Ringu dempa. Den berykta TV-scena mot slutten er ubehageleg, men vegen dit kan vere litt rotete og retningslaus.
Det som held filmen oppe er idéen. Konseptet med ein forbanning som spreier seg via media er både smart. Men det narrative grepet, og bruken av overnaturlege element som berre plutseleg blir droppa inn i historia, skapar elles mykje forvirring.
Oggs Cruz på Lessons from the School of Inattention (oggsmoggs.blogspot.com) meiner det kvardagslege og det overnaturlege blir blanda med stor presisjon. Han finn òg eit familiedrama under forbanninga, og vurderer originalen som meir gjennomarbeidd enn nyinnspelinga. Der får me nokså ulike opplevingar. Eg likar premisset og den dempa uroa, men klarer ikkje finne den same samanhengen i utviklinga. Det er interessant at noko eg opplever som rotete, kan verke nøye avvegd når ein kjem betre inn i forholdet mellom personane.
For dei som hugsar nyinnspelinga frå 2002 som sterkare og meir engasjerande, vil originalen framstå som ein kladd, ein med gode idear, men utan den gjennomføringa som kunne ha gjort det verkeleg uforgløymeleg. Ikkje den intense opplevinga eg hadde sett for meg.
