Hopp til hovedinnhold
Plakat for Rio 2 (2014)

Rio 2

Film
3

Utan å hugse noko som helst frå den første Rio-filmen, så gjekk eg i gong med Rio 2. Det er ein film gav meg inntrykk av å byrje midt i historia. Mens eg håpa han kunne handtere betre å stå på eigne bein. Etter det eg vil kalle ein kjedeleg start så tek derimot filmen seg saman, og blir til den lettfattelege animasjonsfilmen eg forventa. Sjølv om eg hadde håpt på meir.

Darren på the m0vie blog (them0vieblog.com) meiner filmen er underhaldande, men så full av musikk, fargar og sidehistorier at karakterane får for lite pusterom. Det er eit godt tillegg til det eg saknar. Når stadig noko nytt skal skje, blir det ikkje nødvendigvis lettare å komme inn i historia eller bli særleg oppteken av henne.