
Road House
Road House er ein film som er midt i blinken for meg. Eg veit ikkje kvifor eg ikkje har sett han før. Eg er over gjennomsnittleg interessert i filmar frå 1980-talet, og likar filmar som inneheld slossing og ein viss form for enkel mindfullness hjå hovudkarakteren. Og det er jo det Road House er, pluss ein del meir.
På mange områder er filmen overdreven, kanskje litt enkel og teit, men den totale samansetninga av det som er og skjer her er så god at Road House på eit vis hevar seg over mange av sine enkeltdeler.
Det er fleire som finn glede i denne blandinga. Bloggy Balboa (bloggybalboa.wordpress.com) meiner handlinga slett ikkje gir mykje meining, men at filmen likevel fungerer som solid actionunderhaldning. Patrick Swayze sine rørsler gjer slåstinga overtydande. Det passar godt med mi eiga oppleving. Eg kan sjå svakheitene og samstundes la meg rive med av heilskapen.
James Dalton (Patrick Swayze) er ei legende i dørvaktbransjen. Me veit ikkje mykje om han, men han er flinkare enn dei fleste til å sloss. Han har eit roleg vesen, og ein dyr Mercedes Benz i garasjen som vitnar om at han har tent gode pengar ei stund. Men det kjem ikkje fram på noko anna vis.
Han blir headhunted i Los Angeles, og flyttar til ein liten by kor han skal få orden på ein bar med mykje bråk. I byen møter han mykje motstand, og det er nok eigentleg nok sagt om handlinga.
Road House består av god musikk, slossing som har fortent sin plass, ein del usagt som gir eit snev av mystikk til alt og alle. Alt utført på så enkelt vist at det berre blir rein og god underhalding.
