
Road Trip: Beer Pong
Road Trip var ingen klassikar, og det vil aldri Road Trip: Beer Pong bli heller. Dei to filmane har lite anna enn DJ Qualls og ein biltur til felles. Dessutan er Road Trip: Beer Pong ein rett på video-film, noko som senkar forventingane monaleg.
Ei gruppe collegestudentar skal komme seg til ein beer pong-turnering, og vegen dit blir trøblete. Filmen er uoriginal, forutan eit greitt forsøk på å forklare reglane rundt beer pong. Humor er prøvd, men stort sett mislykka. Du skjønar kva intensjonane er, men det er ikkje lagt sjel i arbeide, og filmen vil selje på namnet uansett standard.
Oppskrifta er velkjend også for Chad Jorgenson på Inside Pulse (insidepulse.com). Han meiner oppfølgaren brukar mykje av den same forma som originalen, med små endringar og billeg humor. Omtalen er mildare enn mi, men finn heller ikkje noko nytt. Det er nettopp problemet når namnet skal gjere så mykje av arbeidet. Me kjenner att kva slags film dette vil vere, utan at spøkane blir betre av den grunn.
