Eg var usikker på om eg skulle sjå Rocket Science. Filmtraileren var morosam, men noko heldt meg tilbake. Responsen frå kritikarane har vore rimeleg god. Greia er at filmen aldri fekk den store lanseringa når han kom i haust. Eg hoppa likevel i det.
Hal Hefner er den stille, usikre guten som aldri heilt klarar å uttrykke det han har på hjarte, fordi han stammar. Ginny vil likevel ha han med på debattlaget, fordi ho ser potensiale hans. Dette opnar auga til Hal for noko meir.
Viss det du er på jakt etter er ei historie om den stammande guten som skal overtyda alt og alle ved å bli meister i å debattere og vinne den kommande konkurranse, så må du sjå etter ein annan film. Strukturen her er ulik ein typisk konkurransefilm, sjølv om kjenneteikn undervegs har likskapar.
Det Rocket Science derimot handlar om er Hal som person, og om kva som skjer når kvardagen hans blir endra. Ginny kjem inn i livet hans og det får følger. Alt skjer i eit roleg tempo med mange humoristiske vendingar. For enkelte kan eg førestille meg at dette blir for kjedeleg og spesielt. Sjølv storkoste eg meg til det var omtrent 20 minuttar igjen, då byrjar situasjonen å tære på tolmodet, mest fordi Hal er ein ganske slitsam person å høyre på, og litt fordi filmen legg opp til håplaust lite framgang.