Hopp til hovedinnhold
Plakat for Rocky (1976)

Rocky

Film
4

Etter å ha sett Muhammad Ali slåst mot den ukjente Chuck Wepner var Sylvester Stallone blitt så inspirert at han sette seg ned og skreiv manuset som gav liv til den Oscar-vinnande boksefilmen. Historia skal ha det til at han skreiv manuset på tre knappe dagar.

Mitt forhold til Rocky har vore ganske sporadisk. Det starta med Rocky IV for eit og eit halvt år sidan, hald fram med Rocky Balboa like etter nyttår, og no endeleg kom eg til filmen som starta det heile. Den gatesmarte Rocky Balboa boksar i amatørligaen og blir, ved meir eller mindre ei tilfeldigheit, trekt av registeret til å slåst mot tungvektmeistaren Apollo Creed (Carl Weathers).

Filmen er ikkje så mykje boksing som eg skulle tru, bortsett frå den obligatoriske avsluttingskampen er det lite anna enn nokon treningssnuttar og godt drama. Rocky er ein sosial tapar og har ingen skikkeleg jobb. Vegen til suksess og aksept er hard, men mannen har pågangsmot som ein italiensk hingst og eit stort hjarte. Desse eigenskapane til karakteren er det som får Rocky som film til å utmerke seg, og gjer dramaet i filmen så sterkt som det er.

Menneska rundt Rocky får mykje av æra hjå Richie Nguyen på Obsessive Behavior (richienguyenblogspot.wordpress.com). Han meiner Adrian, Paulie og Mickey kvar på sin måte gir oss meir av hovudpersonen, frå hjartet til sinnet og bokseviljen. Det er ei fin utfylling av kvifor dramaet verkar så sterkt. Me heiar ikkje berre på ein mann som trenar, men på eit menneske som får noko å strekke seg etter saman med andre.

Bilde av Rocky Balboa i grå joggedress som strekk armane i lufta har nok dei fleste sett. Denne scena i filmen gjorde at håret mitt reiste seg, og blei ståande. Å få denne kjensla når eg ser film er eg stadig på jakt etter. Etter dette klarar eg ikkje, og vil ikkje, finne noko som trekk ned filmen. Har du ikkje sett Rocky så sjå han. Det er anbefalinga mi.