Rocky II - Filmdagbok

Rocky II 1979

Etter at Rocky Balboa (Sylvester Stallone) nesten slo Apollo Creed (Carl Weathers) i Rocky, men berre tapte på poeng etter 15 rundar, så er Apollo Creed gira på ein omkamp. Rocky har lova Adrian (Talia Shire) at han har slutta med boksinga for godt, og har problem med å halde løftet sitt då Apollo tyr til skitne triks for å presse ein omkamp til å skje.

Rocky II er litt som den første filmen, sentrert rundt drama i store deler av filmen, om det passe harde kvardagslivet til Rocky som gradvis kjem tilbake etter suksessen. Før filmen sjølvsagt tar ei vending mot trening og rundar av med ein real boksekamp.

Eg synst ikkje det dramatiske er så effektivt her som eg kan hugse Rocky var. Det er gode greier, om å gifte seg og vente ein familie, og samtidig måtte jekke seg ned igjen og tåle kvardagen, ettersom ingenting kjem gratis for Rocky. Men den emosjonelle koplinga er ikkje så til stades, og det er lett å falle ut og miste interessa eit par plassar, og synest andre greier er litt tåpeleg. Som sløsinga av pengar i innleiinga. Det er likevel med på å ta filmen dit han må, og når handlinga endeleg dreiar seg inn mot boksing igjen, så står ting på spel og det merkar eg.

Eg såg Rocky II av rein fornøyelse, og for å sjå meg gjennom den halvdelen av Rocky-filmane eg ikkje har sett hittil. Om eg skal komme med ein dom hittil, da berre Rocky III og Rocky V gjenstår, så er det at Rocky og deretter Rocky Balboa bør vere prioritert, mens resten er om du er meir interessert.