Rocky III - Filmdagbok

Rocky III 1982

Rocky III var ei stund det største vonbrotet hittil blant Rocky-filmane. Innleiingsvis var det lite som skjedde, og filmen evna ikkje å ta tak i faktiske problem eller interessante situasjonar. Etter sigeren til Rocky mot Apollo Creed (Carl Weathers) i Rocky II har han levd som ein verdsmeister og forsvart tittelen sin gang på gang, men når han har tenkt å avslutte karrieren provoserer oppkomlingen Clubber Lang (Mr. T) fram ein siste kamp.

Det tar ei stund ut i filmen før Rocky (Sylvester Stallone) endeleg møter Clubber Lang. Og det er denne motstanden som er det gode lyspunktet i filmen. Herifrå og ut blir me faktisk bydd på noko nytt: Nedturen til Rocky etter suksessen, og hans kamp for å komme tilbake på topp.

Dette er ein så god del av filmen at mi manglande interesse i byrjinga blir borte, og Rocky III som heilskap snur til å bli ei god oppleving. Hadde berre resten av filmen vore like god, så hadde dette vore ein sportsfilm utan like. Men det blir heller ein halvt om halvt film til slutt.