
Roger & Me
Den andre dokumentaren i dag for meg var gjennombrotfilmen til Michael Moore, ein mann eg har eit anstrengt forhold til. Er det rart, etter å ha sett ein film som Fahrenheit 9/11?
Men Roger & Me var i og for seg ein ganske ok film. Morosam, underhaldande, og ikkje fullt så einsretta og sett på spissen som gjer det heile usmakeleg i dokumentarfilmsamanheng. I senter står byen Flint i Michigan, som etter å ha mista bilfabrikkane sine står igjen som den verste byen i USA. Michael Moore er på jakt etter mannen i sjefsstolen til General Motors, som har sagt opp 30 000 tilsette. Den utpeikte syndebukken.
Det som gjer Roger & Me god er at han fortel historia til Flynt på interessant vis utan alltid å gå i nakken på sjefen Roger Smith. Det kjem fram kva type folk som har jobba i bilfabrikkane og haldninga til folk flest i ettertid til hist og pist.
Flint og innbyggarane blir også viktigare enn sjølve jakta for Herb Kane på Home Theater Forum (hometheaterforum.com). Han venta ei meir irriterande katt-og-mus-historie, men opplevde i staden ein dokumentar som gjekk sterkt inn på han. Det samsvarar godt med det eg finn mest interessant. Filmen fungerer betre når Michael Moore lar oss møte byen og haldningane der, enn om alt berre skulle ha handla om å få sjefen i tale.
Kanskje den beste filmen til Michael Moore?
