
Rogue One: A Star Wars Story
Rogue One: A Star Wars Story er ein Star Wars-film regissert av Gareth Edwards. Filmen kom ut i 2016, og er ein del av ei ny satsing på Star Wars frå Disney.
Sidan eg likar å få med meg kva som skjer av Star Wars-filmar, så var han eit sjølvfølge for meg å sjå etter kvart. Eg har difor ikkje hatt behov for å sjå filmtrailerar, klipp eller lest om kva dette kom til å verte på førehand. Heller enn forventingar, håpa eg på at dette skulle verte ei kompakt og konkret fortalt historie.
Rogue One: A Star Wars Story handlar om ei ung kvinne, viss far var med å skape dødsstjerna. Rolla hennar vert å få tak i planteikningane til dette gigantiske våpenet, for å kunne øydelegga det. Altså er dette ei forhistorie til 1977-filmen Star Wars.
Det som slår meg er at dette er ein langt større produksjon enn eg moglegvis hadde tenkt meg. I form av at filmen både er lenger og har meir påkosta animasjon og mange unødvendige innslag òg.
På sett og vis er mange av delene til filmen gode kvar for seg. Og sjølv om eg stiller meg spørsmål til kvifor mykje vert gjort i det store og heile, er det akseptabelt for framdrifta. Med det tenker eg blant anna på kvifor planane til dødsstjerna er så omfattande, då løysinga er så enkel. Slikt er mogleg å oversjå, og det pregar ikkje mykje av den totale vurderinga mi.
Det eg har eit problem med, og som er utslagsgivande for mi vurdering av Rogue One: A Star Wars Story til midt på treet, er mangel på god karakterbygging. Det er både for mange og for lite interessante karakterar. Forhistoria til hovudpersonen er tynn, og eg får aldri heilt taket på eller interessa for Jyn Erso som vert spelt av Felicity Jones. Manglar på dette området i filmen fører til fråvær av emosjonelt engasjement til karakterane, og dermed til handlingane som spelar ut seg. Desse skal vere spennande, men utan å vere investert vert det berre tanketom action.
Karakterane fungerer derimot godt for Angie på Two Birds, One Blog (twobirds1blog.wordpress.com). Ho finn starten oppstykka, men meiner at rollebesetninga snart får henne til å bry seg om oppdraget, og likar særleg humoren til K-2SO. Eg kom aldri heilt dit. Det er nettopp mangel på interesse for menneska som gjer at den store actionhandlinga får mindre kraft for meg.
Det er først og fremst dette som skil denne filmen frå eksempelvis Star Wars: The Force Awakens. Ein film som hadde mykje av dei same ingrediensane, men som i stor grad lukkast med gode karakterar og kjensler.
