Joan Wilder (Kathleen Turner) er forfattar og lev stort sett livet sitt gjennom historiene ho skriv. Bøkene hennar er romantiske romanar, og strake motsetjingar til hennar eige liv som manglar romantikk.
Ein episode med søstera hennar i Colombia tvingar ho ut av komfortsona. Det som skulle bli ei enkel reise til Cartagena blir eit eventyr gjennom jungelen, med skumle menn i hælane og ein erfaren eventyrar, Jack T. Colton (Michael Douglas) ved si side.
Colton er ein slags Indiana Jones-figur og filmen er ikkje så langt unna i stil og rytme han heller. Men med Joan Wilder i hovudrolla så blir det ikkje så opplagt at eg øydelegg opplevinga med å samanlikne undervegs. Eg går heller mot å like Romancing the Stone ein god del. Det er eit godt tempo på filmen, og ville ting skjer heile vegen som driv handlinga framover. Den romantiske delen av filmen fungerer både i å gjere narr av bøkene Wilder skriv, og vise genuin romantikk.
Eg hadde mine tvil før eg sette i gang med Romancing the Stone, men kom til å like dette som eventyrfilm. Eg kunne tenke meg at filmen var endå litt kortare, då dette i sluttminuttane drar ut. Men bortsett frå dette har eg lite å utsetje på han.