
Ronja Rövardotter
Film
3
Ronja Rövardotter er basert på ei bok av Astrid Lindgren. Det handlar om ei ung jente i ei middelaldersk borg, som er dotter av ein røvar. På morosamt vis følger me ho gjennom ein periode i oppveksta, og hennar eventyr i og utanfor borga. Det er ein artig film, men som i vaksen alder ikkje treff så godt som han gjorde når eg var barn.
Katarina Emgård på MovieZine (moviezine.se) finn derimot framleis mykje å bli gripen av, særleg forholdet mellom Ronja og Mattis og fridomen i naturen. Ho meiner historia rommar meir enn berre eit eventyr. Det er ei fin påminning om styrkane som ligg der, sjølv om gjensynet mitt ikkje fekk den same krafta som opplevinga i barndomen.
