Roustabout - Filmdagbok

Roustabout 1964

Elvis Presley er Charlie Rogers i denne musikalske, romantiske komedien. Rogers er musikar i skinnjakke på ein motorsykkel, som endar opp på eit karneval, der han lærer å roe seg ned.

Filmen har mange songar, lite god handling, og hamnar nedst på lista over Elvis Presley-filmane eg hittil har sett.

Det er i grunn så lite å skrive om denne filmen, at eg burde la vere. Ja, filmen har eit par fornøyelege musikknummer og artige innslag. Men det at han er så kjedeleg at eg ikkje klarte å sitte i ro er det som tok knekken på meg.

Litt humor har han og, ufrivillig såleis. Elvis Presley spelar tøff, og Elvis Presley som skodespelar er ikkje nødvendigvis verdsklasse, ergo humor.