
Rubber
Eit gjensyn med Rubber under Katakombefilm 2012. Filmen om dekket som løp løpsk og drep ein haug med menneske mens eit publikum observerer gjennom kikkert.
Rubber er sprø og kunstnarisk. Quentin Dupieux har blanda så mange element at det er vrient å kortfatte akkurat kva filmen er. Mest kjente er kanskje elementa frå skrekkfilmen, men Rubber er likevel ikkje skummel.
Det er som metafilm at Rubber er mest interessant ved gjensynet. Eg skulle ønske det var meir av publikummet og mindre repetisjon av rulling og dreping. Mangel på framgang, eventuelt stemningsbygging, har størst plass i filmen, og dette blir kjedeleg i lengda. Noko som trekk filmen ned eit hakk frå første gang.
Publikummet i filmen er derimot det skribenten på Mechanical Forest Sound (mechanicalforestsound.blogspot.com) helst ville ha fjerna. Omtalen finn meir glede i sjølve dekket, men meiner også den delen blir strekt for langt. Me er samde om at lengda er eit problem, men ikkje om kva som fortener meir plass. For meg er det spelet med tilskodarane som har mest igjen å gi ved gjensynet.
