Hopp til hovedinnhold
Plakat for Run All Night (2015)

Run All Night

Film
3

Liam Neeson har etter kvart blitt synonymt med rå action og skyting. I Run All Night gjentar han rollen, men action er litt tona ned til fordel for det kriminelle.

Som tidlegare leigemordar har han støytt frå seg familien og erstatta han med alkoholen. Hans vaksne son hatar han, og har ingenting med han å gjere. Dette endrar seg når sonen blir vitne til eit mord, og mordaren prøver å kvitte seg med han. Liam Neeson kjem på bana og vil verne son sin, og ting utviklar seg mot det verre.

Run All Night er ikkje fullt så rett fram og actionprega som Taken-filmane eller Non-Stop, men går ut for å bygge meir historie og er hakket meir realistisk. Det handlar om familie og hemn, og har element som narkotika og organisert kriminalitet involvert. Ei blanding som for min del ikkje alltid lykkast i å interessere meg, men som her fungerer godt nok. Det er nok fordi dumskapar blir unngått, overdrive innvikla samanhengar blir unngått, og både litt historie og gode actionsekvensar får plass side om side.

Det endar såleis opp som ein kurant action, krim og thriller. Og det er ingen poeng i å snakke om verken vonbrot eller klassikar. Filmen er verken den beste eller dårlegaste til Liam Neeson eller Ed Harris, men ligg trygt mellom middels og god.

Det er særleg møta mellom Liam Neeson og Ed Harris som løftar filmen for Felix Albuerne Jr på Film Buff Unplugged (fbunplugged.substack.com). Han meiner forholdet mellom dei gir dramatikken tyngd, sjølv om heilskapen lett glir saman med andre filmar av same slag. Det passar godt med mi eiga oppleving. Eg får nok historie rundt actionen til å følge med, utan at dette blir ein film som skil seg stort ut etterpå.