
Runaway Bride
Romantisk komedie, 1990-talet og Julia Roberts. Det er ei oppskrift som ikkje er til å forvente feil av. Og Runaway Bride leverte akkurat som forventa på alle område. Nesten som eg kunne ha spådd kva filmen handla om utan å vite meir enn tittelen.
Richard Gere skriv ein artikkel om ei kvinne som har det med å forlate mennene ho skal gifte seg med i siste augneblink. Han får pes for dårleg faktasjekk og mistar jobben, og oppsøker så kvinna han har basert artikkelen på, i håp om å korrigere og bevise påstandane sine.
Søt musikk oppstår mellom Richard Gere og Julia Roberts på sikt. Og sjølvsagt hamnar dei i situasjonen der dei skal gifte seg, og Julia Roberts kanskje stikk av. I ein typisk film er dette avsløringar, her ligg det i korta frå første minutt, og du ser ikkje denne for å bli overraska.
Det som fungerer her og som gjer filmen god nok er andre saker. Som at Julia Roberts er fantastisk i nesten alt. At samspelet, kjemien og kranglinga mellom ho og Richard Gere fungerer godt, og gir den nødvendige komedien til filmen.
Romona Comet på ScreenAge Wasteland (screenagewasteland.com) meiner også Julia Roberts gjer ein figur som kunne vore vanskeleg å like, både truverdig og lett å kjenne seg igjen i. Samspelet med Richard Gere får ros, sjølv om historia er svært føreseieleg. Det er nettopp den avtalen eg synest filmen oppfyller. Eg veit kvar det ber, men får nok glede av møta og motsetningane mellom dei til at turen er verd det.
Romantisk sett er dette overflatisk, men søtt nok til å gjere sin vesle del. Det er likevel ikkje det som er den eventuelle grunnen til å sjå Runaway Bride, det blir stort sett Richard Gere versus Julia Roberts.
