Hopp til hovedinnhold
Plakat for Runaway Train (1985)

Runaway Train

Film
4

Jon Voight og Eric Roberts spelar to fangar på rømmen i Runaway Train. Dei hamnar på eit tog som mistar bremsene og togingeniøren, og er åleine igjen i eit fartøy der farten stadig aukar.

Bak seg har dei eit fengsel som skulle vere umogleg å rømme frå, og ein blodtørst fengselssjef. Føre seg ei uviss framtid, men tanken på å hamne i fengselet igjen får dei til å ta sjansar.

Runaway Train er ein spenningsrik film med lineær handling. Han formidlar ei hard og kald historie på engasjerande vis, og det skjer sjeldan for lite i løpet av dei i underkant to timane filmen varer. Eller så er det stemninga som slepp unna med at det skjer lite.

Det betyr lite at karakterane er usympatiske, for meg ligg spenninga i at filmen verkar å kunne overraske når som helst. Ettersom eg ikkje visste noko om handlinga på førehand blei det slik.

Enkelte innslag av flott filmmusikk trekk opp. Og ei litt rufsete kameraføring, spesielt på avstand, gir eit inntrykk av å vere i nærleiken, sjølv om bildekvaliteten ikkje når heilt opp.

Forutan å vere ein spennande film som har halde seg godt sidan han kom ut for 30 år sidan, er skodespelet til og samspelet mellom Jon Voight og Eric Roberts verdt å nemne. Dei framstår godt som dei skal, ustabile og uføreseielege, som igjen underbygg evna til filmen i å kunne overraske.

Det valdsame skodespelet får ei meir blanda mottaking hjå Matt Wedge på Obsessive Movie Nerd (obsessivemovienerd.com). Han meiner Jon Voight og Eric Roberts spelar over, men at det likevel passar til den tronge og brutale verda filmen bygger opp. Eg opplever dei som ein viktig del av uvissa. Når både menneska og situasjonen verkar ustabile, blir det lettare å tru at noko uventa kan skje.