Running on Karma - Filmdagbok

Running on Karma 2003

Kort pause i Katakombefilm før Dai zek lo eller Running On Karma som alle pausane denne dagen. Johnnie To gir oss ei sjangerblanding av ein film utan like. Kampsport, politifilm, overnaturlege krefter, grøssar, romantikk, religion, komedie. Utan klare skilje.

Den gode skodespelaren Andy Lau gjer hovudrolla i ei utruleg teit muskeldrakt. Så seint på dagen vart Dai zek lo i overkant av blanding, mot slutten heller slitsamt. Men han har kule slåstscener og er på ingen måtar einsformig. Berre litt rotete. Greia er at eg veit at Johnnie To kan lage betre, langt betre, film. Exiled hadde eg stor glede av tidlegare i år.