Running Scared - Filmdagbok

Running Scared 2006

Musikken er litt rar, men reint bortsett frå det er dette ein habil actionthriller. I jakta på ein pistol på avvegar følger me Joey Gazelle og vennen til sonen hans Nicky, Oleg Yugorsky, gjennom eit hardt miljø med hallikar, gangsterar, våpen og narkotika. Relasjonane til Joey er ikkje dei beste og handlinga som blir gjort i starten får dramatiske konsekvensar.

Filmen er mørk i bilde og gir ei dyster og kald stemning. Det er lite smil, men heller mykje skyting og mørkt raudt blod som flyt. Dette er ikkje favorittsjangeren min, men god nok underhaldning, og slettes ikkje traudig. Eg kunne likevel ha vore meir engasjert, men det er ingenting som rører meg. Verken i å vere grotesk eller kjensleladd.

Paul Walker spelar Joey Gazelle, og er for mange kjent som Brian i The Fast and the Furious og Jared i Into the Blue. Men dette er så mykje betre enn teite asiatiske bilar at eg faktisk ikkje tenkte over at det var same fyren. Eg held meg heller til ein klassisk Mustang og ser blodstrøyming med skitten stemning.