Rush - Filmdagbok

Rush 2013

Rush fortel historia om rivaliseringa mellom Formel 1-sjåførane James Hunt og Niki Lauda på 1970-talet. James Hunt og Niki Lauda var to av dei beste, og var strake motsetnader på fleire måtar. Iallfall er dette sida av dei som filmen viser.

Det er James Hunt (Chris Hemsworth) som verkar å vere hovudpersonen, mens det er Niki Lauda (Daniel Brühl) som på mange måtar er helten. I historia som byrjar på tidleg 1970-tal, følger me desse to på kvar si side fram til dei kjempar tett om verdsmeisterskapstittelen i 1976.

James Hunt er av den destruktive og kortsiktige typen, som ikkje kalkulerer risiko. Niki Lauda er den smarte og dyktige på fleire område. Han jobbar hardt og jobbar bra. Han har funne det han er flink til, og det som gjer han lykkeleg. Mens James Hunt, som tilsynelatande har det moro heile tida, aldri ser ut til å finne ro.

Eg blei rørt av filmen, men ikkje av det store dramaet. Det var eit par små vurderingar som blei gjort av Niki Lauda undervegs som rørte. Hans stadige evne til å vurdere situasjonane, og til å velja det som var best for han. I løpet av filmen gjer han feil, men aldri same feilen meir enn ein gong.

James Hunt er den typiske antihelten. Han er også dyktig, men har flust av dårlege eigenskapar og svakheiter. Dette gjer han i mine auge til eit uinteressant forsøk på ein helt, men ein god motstandar dersom filmen er bygd opp rett. Uavhengig om han er den opphavlege hovudpersonen eller ikkje.

Eg kjente ikkje til historia på førehand, og Rush enda totalt sett med å vere ein spennande film med mykje god bilkøyring. Truverdig, tatt verkemidla i filmen til vurdering, og med ein god produksjonskvalitet. Blant anna ser filmen ekte ut, mens mykje av bilkøyringa er animert.